Av Jostein Sandsmark
Ja, tenkte me det ikkje! Når jødevenen og anti-sionisten – som han sjølv kallar seg – kom til rors i Dnk, – kom Israels-hatet til syne.
At preses kan uttala seg slik som han gjorde til Aftenposten – er ikkje til å tru. Kor primitivt uvitande går det an å utrykkja seg for ein internasjonal kyrkjetopp? «Dersom Israel går til annektering av deler av Vestbredden, (Judea og Samaria, red. anm.)kan det blokkere for fred i lang tid fremover»,seier han. Kva for ein fred? Den med dei daglege små og store terrorangrep på jødar i Israel og hundrevis av brannballongar og rakettar innover Sør-Israel frå Gaza?
Og arealet det er snakk om er C-området, – som alt frå San Remo-avtalen var tiltenkt ein «tett busetnad» av jødar, og som ifylgje Oslo-avtalen heilt er underlagt israelsk jurisdiksjon. «Hvor det ligger mange jødiske bosetninger»– Det skulle berre mangla i Israels kjerneland! Likeins bur det nær ein halv million palestina-arabarar der – i motsetnad til i A og B områda der det er heilt jødefritt. Alt dette veit Fykse Tveit, men støttar likevel terroristen Abbas. Han er ottefull for dei kristne kyrkjene i Jerusalem – som om dei ville få det verre enn dei har det under Abbas.
Det var å venta at preses hadde andre bekymringar i desse koronatider med hard kristenforfylgjing i Nigeria, India og Kina og mange andre stader i Asia, og med katastrofetilstander i fattige land med karantene-restriksjonar, tap av inntekter og det mest livsviktige for levemåten, – den openberre sveltihel.
«En opptrapping av konflikten kan være veldig farlig for de kristne fellesskapene der»,seier han. Men tenk om det vart fredelegare? Dei same illevarslande uttalane kom då Trump anerkjende Jerusalem som Israels hovudstad. Kva skjedde? Ingenting. Når rett og rimeligheit vert praktisert, blir det fredelegare.
Og når overhyrdingen sporar av, er det ingen av underhyrdingane som talar i mot. Det er Abbas-politikken som får støtta.